Assisterande kommunedirektør

Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar. Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.

Assisterande kommunedirektør, 100 % fast stilling

Omtale av arbeidsstaden

Assisterande kommunedirektør er kommunalsjef for kommunestaben. Staben er lokalisera på kommunehuset i Bø og sett saman av avdelingane; Kommunikasjon og service, Personalforvaltning, Økonomiforvaltning og Kultur og fritid. 

Staben har også nokre ressursar som arbeider med planlegging, folkehelse og organisasjonsutvikling. Til stillinga ligg også ansvar for partsarbeidet i kommunen, som vurderast som særs viktig.

 

 

 Kort om stillinga

Assisterande kommunedirektør inngår i kommunen si øvste leiing og er kommunalsjef for stabstenestene i kommunen:

 

· personalforvaltning

· økonomiforvaltning

· kultur og fritid

· service og kommunikasjon

· organisasjonsutvikling

· strategisk planlegging

· arbeidsmiljø

· folkehelse

· digitalisering

· partsarbeid

 

 Assisterande kommunedirektør jobbar i eit leiarteam saman med kommunedirektøren, kommunalsjef for helse- og omsorg, kommunalsjef for teknisk og kommunalsjef for oppvekst.

 

Arbeidsoppgåver

- leie arbeidet i kommunestaben

- aktiv deltaking i kommunedirektøren si leiargruppe

- halde god dialog med arbeidstakarorganisasjonane og leie partsarbeidet

- strategisk utvikling

- leie økonomiprosessane

- utvikle personalforvaltninga

- kommunikasjon

 

Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar

- Leiarutdanning på masternivå er ein fordel

- Utdanning innan HR, økonomi og/eller administrasjon

 

 Personlege egenskapar

- Høg arbeidskapasitet og evne til å kunne prioritere

- Eiin tillitsbasera leiar som legg vekt på medverknad

- Kjennskap til kommunal og/eller offentleg forvaltning

- Relasjonskompetanse og god forståing for samspel i ein kompleks organisasjon

- Dokumenterte resultat frå partsarbeid

- Løysingsorientert

- God forståing for samspel mellom politikk og administrasjon

 

 Anna

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. 

Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.

 

Vår visjon er: 

Vi skaper framtida saman. Den nye leiaren må kunne identifisere seg med visjon og verdigrunnlag.

Midt-Telemark kommune nyttar både ny-norsk og bokmål. Assisterande kommunedirektør må kunne formulere seg skriftleg på begge målføre.

 

 

 Særskilt for stillinga

E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.

 

 Vi tilbyr

- Løn etter avtale

- God pensjonsordning

- Fleksibel arbeidstid

 

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

 

Søknaden sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".

Søk her 

 

 

Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.

 

Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

 

 

Søknadsfrist 15.08.2021 Utlyst dato 30.06.2021 Vårref 240

 

Kontaktperson: Per Dehli, kommunedirektør, mobil: 97158788


By/sted

Fagområde

Søknadsfrist

2021-08-15