Kommunedirektør

Stillinga som kommunedirektør i Askvoll kommune er ledig frå 01.05.2022. Askvoll - eit knutepunkt mellom land og sjø

Askvoll har om lag 3000 innbyggjarar og ligg sentralt på kysten. Ekspressbåt til Bergen (2,5 t) og Florø (30 min), og ein time biltur til senteret Førde.  Askvollhalvøya ligg mellom Dalsfjorden og Førdefjorden og strekkjer seg frå bygdene langs Førdefjorden i aust til Bulandet vest i havet.

Styrken vår:

Er du vår nye kommunedirektør?

Kommunedirektøren skal samordne drifta og vere bindeledd mellom folkevalde organ og administrasjonen.

Vi søkjer ein kommunedirektør som evnar å bidra til eit godt og tillitsfullt samspel mellom politikk og administrasjon, og som kan vise til gode resultat som leiar. Du må ha evne til å leie ein utviklingsorientert organisasjon og vere ein visjonær og handlekraftig kommunedirektør som kan vere med å utvikle heile organisasjonen og kommunen vidare.

For å klare dette meiner vi at du må ha evne til å samarbeide, motivere, vere tydeleg, lyttande, kommunisere godt og stå fram som ei samlande kraft.

Du må ha evne til å lese organisasjonen og kommunen sine mogelegheiter og utfordringar og kunne setje i gang målretta tiltak som fører til
utvikling. Du må ha god rolleforståing og respekt for formelle beslutningsprosessar i politisk styrte organisasjonar. 

Vi ynskjer at du bidreg til ein open organisasjon der folkevalde og administrasjon syner tillit, lojalitet og forståing for kvarandre, og har som felles målsetnad å utvikle- og levere gode tenester til innbyggjarane.

Vi leitar etter ein person med:

Vi kan tilby:

Meir informasjon?

Kontaktpersonar:

Ordførar Ole André Klausen, tlf. 57730702/mobil 48037285, e-post: ole.andre.klausen@askvoll.kommune.no
Varaordførar Gunnar Osland, tlf 91624634, e-post: guosland@online.no
Rådmann Håkon Loftheim, tlf 91389474, e-post: hakon.loftheim@askvoll.kommune.no

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.  Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt på den offentlege søkjarlista, må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga vert vurdert i høve reglane i Offentleglova.  Dersom det etter kommunen si vurdering ikkje føreligg særskild grunn til unntak, vert namnet offentleggjort på søkjarlista.  Søkjar vil i eit slikt tilfelle verte kontakta på førehand med høve til å trekkje søknaden før offentleggjering.


Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.


Vi ser fram til å høyre frå deg!

 


By/sted

Fagområde

Søknadsfrist

2021-12-01