Kommunedirektør

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 700 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon. Besøk vår heimeside: www.sykkylven.kommune.no

Vil du vere med og utvikle eit framtidsretta lokalsamfunn?

Vi søkjer ein samlande og løysningsorientert toppleiar som kan kombinere eit tydeleg og strategisk leiarskap med handlekraft og evne til å prioritere og gjennomføre vedtak. Du evner å byggja tillit, viser god rolleforståing og trivst i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har relevant leiarerfaring, god innsikt i kommunal forvaltning og økonomi, og er oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar.

Sentrale arbeidsoppgåver for kommunedirektør vil vere:

Vi søkjer etter deg som:

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr ei utfordrande og spennande leiarstilling, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunen si vidare utvikling. Lønn etter avtale.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om det er bede om konfidensiell behandling. Søkjarane vert i tilfelle varsla på førehand om dette.

For nærmare informasjon, kontakt gjerne vår rådgjevar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680 eller ordførar i Sykkylven kommune, Odd Jostein Drotningshaug, tlf. 932 55 516. Ny søknadsfrist er 15. april 2020, men vi ønskjer gjerne at du viser interesse i god tid før fristens utløp.

Søk her


Les mer

By/sted

Fagområde

Søknadsfrist

2020-04-15