Økonomisjef Sogndal kommune

Har du lyst å bli vår nye økonomisjef?

Me har ledig leiarstilling til deg som har god kompetanse i kommunaløkonomi og som vil vera med å styrke og vidareutvikla kommunen saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Kommunen er inne i ei spennande tid og du vil vere sentral for at me skal lukkast med gode tenester. Ønskjer du å gjere ein skilnad i vår kommune?

Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor m.a. økonomi, rekneskap, innkjøp og finans- og kraftforvaltning. Du vil vere ein aktiv del av at kommunen skal nå sine mål og ha ei forsvarleg økonomiforvaltning som legg til rette for framtida. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for administrasjon og innovasjon, men som økonomisjef vil du vere sentral som støttespelar for kommunedirektøren og alle kommunalsjefane. Som fagansvarleg for økonomi deltek økonomisjefen både i politiske og organisatoriske prosessar. Me er ein ny organisasjon med rom for vidareutvikling for oss alle og du må kunne pårekne nye oppgåver. 

Du vil kunne jobbe med:

Kvalifikasjonar:

Eigenskapar:

Me tilbyr:

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Søk her 

Kontaktpersonar:

Tor-Einar Holvik Skinlo tlf: 57652535 mob: 95839029

Heimeside: www.sogndal.kommune.no


Les mer

By/sted

Fagområde

Søknadsfrist

2021-08-15