Kommunedirektør

Er du den nye kommunedirektøren vår?

Solund kommune er med sine mange øyer og spreidde busetnad eit eige «rike». Vi er ikkje størst i folketal, men skaper likevel store verdiar. Solund har lange tradisjonar på å gjere seg nytte av dei ressursane som havet og kystlandskapet gir. Dette vil også vere viktig for framtida, anten det gjeld næringsgrunnlag eller unike bukvalitetar.


Samfunnet vårt er i utvikling, og kommunen står føre spennande satsingar og store Investeringar som skal gjennomførast med det første. Nytt skulebygg m/ bibliotek er på trappene til å bli realisert, og kommunen vil dei komande åra oppleve betydeleg aktivitet i samband med bygging av bru over Ytre Steinsund.


Vi ynskjer at innbyggjarane skal få gode tenester der dei bur, og vi har difor satsa på å tilby eit breitt utval tenester lokalt, m a. har vi eiga legevakt, fysioterapi og psykologteneste. Vi har såleis brei kompetanse på fleire fagfelt i eigen organisasjon,


Vi skal no tilsetje ny kommunedirektør, og ser etter  ein leiar som først og fremst har tru på samfunnet vårt, som ser kvalitetane og moglegheiter i ein liten kommuneorganisasjon, og som vil vere med på å leie og utvikle dei kommunale tenestene vidare.

Arbeidsoppgåver vil vere:

Ynskjelege kvalifikasjonar:

Vi trur det er viktig for vår øvste leiar å vere «tett på» både medarbeidarar, tenester og lokalsamfunn, og trur difor det vil vere ei føremon for deg og oss om du bur i kommunen.

Vi tilbyr:

Ynskjer du meir informasjon om stillinga, må du gjerne kontakte:


Ordførar: Gunn Åmdal Mongstad tlf 951 71 031


Administrasjonssjef/kommunedirektør: Erik Askeland tlf. 975 34 479


Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.


Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
 

SØK HER 


By/sted

Fagområde

Søknadsfrist

2022-02-10