Kommunedirektør

Ynskjer du å vidareføre den gode drifta av Etne kommune? 

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Verdiane til Etne kommune er trygg, raus og engasjert! Tenestemålet er nynorsk.


 

Etne kommune er ein veldriven kommune, ein god stad å arbeide, bu og leve i. Etne er blant dei største landbrukskommunane i Vestland, og kommunen er ein del av Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet. Me er opptekne av å gjere kommunen endå meir attraktiv for unge i etableringsfasen, og leggje til rette for eit framleis differensiert, berekraftig og nyskapande næringsliv. Dei siste åra har det blitt utført ei rekkje strukturelle grep, og me har funne ei drift som fungerer godt for både innbyggjar og arbeidar. No ynskjer me oss ein kommunedirektør som kan vidareføre denne drifta.


Me ser etter ein erfaren leiar som kan leie kommunen vidare gjennom tydeleg samfunnsutvikling, god økonomistyring og effektiv samhandling. Stillinga inneber at du må kunne leie eit breitt spekter av oppgåver, kor evne til å samarbeide på tvers av tenesteområde vil være sentralt. Den rette kandidaten må evna å byggja tillit, vise god rolleforståing og kunne trivast i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon.
 

Arbeidsoppgåver  

Ynskja kvalifikasjonar  

  Personlege eigenskapar  

Me tilbyr

Som kommunedirektør i Etne kommune vil du ha store påverknadsmoglegheiter, og ei sentral rolle i regionen og lokalsamfunnet. Du vil få ansvar for vidareutvikling av tenestetilbodet til både befolkning og næringsliv.  Etne er ein veldriven kommune som du får være med å drifta vidare saman med eit godt leiarteam. Du får ei utviklande stilling i ein kommune med fornøgde innbyggjarar.


Fram til søknadsfrist vil alle søkjarar bli behandla konfidensielt. Me gjer merksam på at etter at søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ynskje om reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før den offentlege søkjarliste blir laga.


Spørsmål om stillinga kan rettast til Lina Tørresdal, tlf. 986 06 892 eller Milly Kallevik, tlf. 481 39 012 i Personalhuset Search & Selection. Du kan også kontakte ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, tlf. 48 00 65 60 i Etne kommune.

SØK PÅ STILLINGEN 

 


By/sted

Fagområde

Søknadsfrist

2023-02-01