Fylkeskommunedirektør

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi har eit dritftsbudsjett på over 6,6 mrd. kroner, og eit investeringsbudsjett på 2,5 mrd. kroner i 2022, og står no overfor store og spennande utviklingsoppgåver. Med over 2600 medarbeidarar er vi ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Vi er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.


Vi søker etter fylkeskommunedirektør


Møre og Romsdal fylkeskommune er inne i ei spennande tid. Gjennom regionreforma har fylkeskommunen fått nye oppgåver og utvida ansvar. Samfunnsutviklarrolla er styrka, og heilskapleg tenking og samhandling på tvers av sektorar står sentralt.

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling, kompetansebygging og læring på tvers av fag og sektorar.

For å leie arbeidet med å utvikle tenestene våre, søker vi no etter ny fylkeskommunedirektør.

Sentrale ansvarsområde 

Ønska bakgrunn og erfaring og personlege eigenskapar 

Vi søker ein fylkeskommunedirektør med høgare utdanning, ulike utdanningsretningar kan vere aktuelle. God rollekunnskap og økonomisk kompetanse er ønska. Den vi søker tenkjer strategisk og har eit heilskapleg perspektiv. Det er ein fordel med erfaring frå politisk styrte organisasjonar, og vi trur det er viktig å gi politikarane handlingsrom. Fylkeskommunedirektøren må ha god digital kompetanse, og vere utviklingsorientert. Vi treng ein analytisk og strukturert leiar som har høg integritet. Du har ein inspirerande og motiverande leiarstil og du er visjonær og strategisk på vegne av fylkeskommunen.

Fylkeskommunedirektøren er ei av dei mest spennande stillingane i fylket med mange viktige samfunnsoppgåver i tida som kjem. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og eit triveleg og kompetent arbeidsmiljø.

Om du har spørsmål, kan du ta kontakt med ein av våre rådgjevarar i Assessit for meir informasjon. Alle henvendelser til Assessit blir
handsama konfidensielt.

Om arbeidsplassen

Stillinga har arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset. Fylkeskommunen har arbeidstakarar i alle fylkets kommunar. Noko reiseverksemd må påreknast.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette før offentleggjering.  

Kontaktinformasjon

Per Kristian Øwre, Partner/Regionleder Trondheim, per.kristian.owre@assessit.no, +4791375565 

John Holen, Seniorkonsulent, john.holen@assessit.no, +4792431993

SØK PÅ STILLINGEN
 


By/sted

Fagområde

Søknadsfrist

2022-08-04